Ditt fylke

 

 

Teaterworkshop etter Landsstevnet - søknadsfrist snart ute!

Er du mellom 18 og 25 år, og kunne tenkja deg å delta i ein internasjonal teaterworkshop?

Då kan NEATA Youth Project i Sønderborg, Danmark frå 22.juli til 5.august 2012 ver noko for deg!

Skal framføra teaterstykkje på festival

NEATA Youth er eit nettverk med unge folk som har interesse for teater i dei nordiske og baltiske landa. is a network of young people with an interest in theatre in the Nordic and the Baltic countries.

Under workshopen i Sønderborg vil det verta laga eit teaterstykkje som skal synast fram under NEATA-festivalen. Temaet for festivalen som går av stabelen 31.august er "Kultur på kryss av grensene - teater kryssar grenser", og framsyninga vil gå på denne tematikken. Profesjonell regissør Moqi Simon Trolin vil leia gruppa i dette arbeidet.

At workshopdeltakarane kjem frå ulike nasjonar vil føra til at det artistiske produktet vil sameina nasjonane i eit sceneuttrykk med ulike teaterformer og -teknikkar. 

Vil danna nettverk

Som ein bonus vil deltakarane tileigna seg kunnskap om orginsering av større festivalar og teater ettersom dei vil få nokre praktiske oppgåver tilknytt festivalen.

Noko av poenget med workshopen er også å danna nettverk mellom deltakarane frå dei ulike nasjonane slik at det kan verta eit utgangspunkt for nye samarbeidsprosjekt mellom unge teaterfolk i NEATA-regionen. 

NEATA Youth siktar mot ein workshop med høgt nivå, og forventar at deltakarane er seriøse og ambisiøse i sitt teaterarbeid.

Herlegheita kostar berre 100 Euro!

Deltaking på workshopen vil berren kosta 100 Euro per person: NEATA Youth dekkar alle utlegg i Sønderborg. (Sjølve workshopen, overnatting, måltid, lokal transport etc.) Organisasjonen dekkjer også reiseutgifter frå heimstaden i Noreg til Sønderborg med opptil 330 Euro. 

Det er plass til 24 deltakarar på workshopen, og overnattingsstaden vil vera eit ungdomsherberge med rom med fire og åtte senger

Om du er interessert, så fyll ut søknadsskjemaet og send inn til informasjon@teater.no innan 15.februar: