Æresmedlem
Æresmedlem har utmerka seg og bidrege til å bygge organisasjonen.
I Norges Bygdeungdomslag er det utnemnd to æresmedlem opp gjennom åra.
Harald Rød
utnemnd til æresmedlem under årsmøtet på Orre i 1971. Han har ein stor del av æra for at NBU i dag er ein sjølvstendig organisasjon. Rød var ein av drivkreftene bak det forberedande arbeidet ved skipinga av NBU, og blei vald som den fyrste formannen i organisasjonen.
Aslaug Berntsen
blei utnemnd til æresmedlem under årsmøtet på Orre i 1971. Ho var landssekretær i NBU dei fyrste åra etter at organisasjonen vart stifta. I denne tida blei organisasjonen bygd opp, og grunnlaget for eit allsidig NBU-arbeid blei laga.
På årsmøtet i 2021 ble det vedteke å ikkje utnemne fleire æresmedlem i Norges Bygdeungdomslag.